Steg for steg til eit vellukka besøk hjå Heit Balestrand

  1. Pakkelista

    Når du skal besøkje Heit Balestrand må du ha med deg 2 stk badehandkle (eit til å sitje på), badetøy og gjerne ei drikkeflaske med vatn. Smykke kan svi mot huda i saunaen, difor tilrår vi at du legg slike småting att i garderoben. Badekåpe og slippers kan vere godt å ha med. Vi tilbyr utleige av deilige badekåper i resepsjonen i sesong (frå april ut september). Gjester på Balestrand Hotell får låne badekåper gratis.

  2. Ved ankomst

    Vi har parkering ved hotellet. Er det fullt, finn du plass ved gamle kommunehuset, to minutt unna. Kjem du med eksressbåt eller buss ser du badstova frå fjorden – det er berre fem minutt å gå frå kaia. Lurar du på noko er det berre å ta kontakt.

  3. Mat og drikke

    Det er fort gjort å bli småsvolten etter sauna og bading. Vi har ikkje servering i saunaen, men snacks og drikke kan kjøpast på Balestrand hotell før eller etter besøk i saunaen. Ønskjer ein meir mat anbefalar vi å kombinere opplevinga med eit måltid på ein av bygdas mange koselege spiseplassar. Drikke fra hotellbaren kan ikkje takast med ned i saunaen, og det er av hygieniske årsaker ikkje lov med mat inne i saunaen. Medbrakt drikke er lov, men vi ber deg styre unna fargesterke ting som raudvin. Av sikkerhetsmessige årsaker i badstua og ved bading tillater vi berre ei mindre mengde alkohol på privattimer (maks to einingar). Synleg berusa personar vil bli bortvist.

  4. Aldersgrense?

    Vi har inga aldersgrense, men barn må vere i følgje med ein vaksen. All bading og bruk av badstove er på eige ansvar.

  5. Fasilitetar

    Heit Balestrad har ein garderobe med ein gong du kjem inn i saunaen. Her kan ein skifte til badeklede og leggje frå seg eigendelar. Vi har ikkje toalett ved saunaen, men toalett på hotellet kan nyttast ved behov.

  6. Saunaen

    Sjølve saunaen ligg heilt ytterst på piren nede på plenen vår med eit stort vindauge som rammar inn den fantastiske utsikta utover fjorden – ei utsikt vi aldri blir leie av. For den ultimate opplevinga tilrår vi sjølvsagt å kombinere saunaen med eit friskt fjordbad for ei revitaliserande oppleving. Saunaen har plass til maks 9 personar.

  7. Bestilling og avbestilling

    Alle timar må førehandsbestillast via nettsida.

    Du kan velge mellom privat sauna og fellessauna. Fellessauna krev medlemskap.

    Har du spørsmål, ta kontakt på e-post eller telefon. Avbestilling må skje seinast 24 timar før avtalt tid.

  8. Nyt opplevinga

    Len deg tilbake og nyt stunda. Ta inn fjorden og fjella. Dette er di tid!