Om oss

Vi har kalla oss badehotell sidan vi tok over Balestrand Hotel i 2022 – litt på tull, men mest på alvor. Badedyra, utsikta, stranda og badekåpene har vore på plass lenge – og badstova har verkeleg fullført pakken. 

Saunaen står på plenen framfor hotellet, heilt ytterst på piren, med eit stort vindauge som rammar inn fjorden med utsikta vi aldri blir lei av. Sidan ho står heilt på kanten, får du kjensla av å sitje ute på sjøen. Her er det plass til opp til 9 personar samtidig. Du kan leige heile badstova for deg sjølv, eller bestille plass i fellessaunaen dersom du har medlemskap. Klikk her for meir informasjon om bruk av saunaen. 

Vi er glade i det enkle, nære og friske – og vi likar å dele det med gjestane våre. For oss handlar badehotell ikkje om luksus, men om å senke tempoet, kjenne på fjorden og puste inn fjella.

Velkomen til Heit Balestrand.