Reglar for booking hos Heit Balestrand:
Hugs å setje av tid til omkledning.
Ikkje bruk sko inne i saunaen. Ta gjerne med slippers!
Ha med to handkle: eit til å sitje på og eit til å tørke deg med.
Det skal berre nyttast ferskvatn på omnen – anna vil øydelegge den. To sleiver er passeleg om du ønskjer litt damp i rommet.
Det er ikkje tillatte med drikke med sterk farge som kan setje farge på inventaret.
Det er ikkje lov med mat, røyk, snus eller anna som kan grise til eller setje att lukt inne i saunaen.
Ta med deg søppel, og forlat saunaen slik du sjølv ønskjer å finne han: Rein og ryddig.
Alle som bookar tid i saunaen har sjølv ansvar for eiga helse. Dersom du kjenner deg svimmel, får hjartebank eller opplever anna ubehag, skal du forlate saunaen med ein gong.
Eventuell bading skjer på eige ansvar. Ver merksam i trappene ned og opp frå fjorden, då det kan vere glatt, særleg ved regn og om vinteren.
Ikkje fyr slik at temperaturen i saunaen kjem over 100 grader. For best helseeffekt bør temperaturen liggje mellom 80 og 100 grader.